Hilmar Øverland får ikkje takka Birgith Bustad Lilleskog nok. Hadde det ikkje vore for henne og dei andre som hjelpte til, så ville ikkje Hilmar vore i live i dag.  Foto: Mona Terjesen
Hilmar Øverland får ikkje takka Birgith Bustad Lilleskog nok. Hadde det ikkje vore for henne og dei andre som hjelpte til, så ville ikkje Hilmar vore i live i dag. Foto: Mona Terjesen

– Takk for livet

Han hadde akkurat vore oppe og smasha, då hjarta hans stoppa under ei volleyballtrening. Hadde han ikkje hatt ein gjeng snarrådige hjelparar rundt seg, så ville antakeleg ikkje Hilmar Øverland (52) vore i live i dag.

Ein av dei mest forblåste og snøfylte søndagane i februar, var Hilmar og kona Inga med den faste volleyballgjengen på trening i bygdehuset på Nedstrand. Midt i treninga fall plutseleg Hilmar om. Utan forvarsel svikta hjarta hans, på grunn av ei tett åre.
– Eg hugsar ingenting sjølv. Alt blei plutseleg svart, og eg var vekke heilt fram til eg vakna på sjukehuset, fortel Hilmar då me treff han på Nedstrandstunet ein månad etter hendinga.
Sjukepleiar Birgith Bustad Lilleskog og seksjonsleiar Reidun Landråk er også til stades.
Birgith var med på volleyballtreninga den søndagen det skjedde tidleg i februar. Saman med fleire andre førstehjelpskyndige på staden – visste ho heldigvis godt kva ho skulle gjere då Hilmar fall om.

Les heile saka om korleis dei redda livet til Hilmar i papiravisa eller kjøp den som e-avis.