Arbeidstida til barnehagelæraren

Kvalitet i barnehagen avheng av god pedagogisk bemanning. Barnehagar med kvalifiserte og motiverte barnehagelærarar er avgjerande.

Barnehagen skal videreføra eit heilskapleg læringssyn der omsorg og leik, læring og danning skal vera grunnlag for barn si allsidige utvikling.

I ei landsomfattande undersøking svarer mange barnehagelærarar at dei finn det vanskeleg å bruke avsett tid som planlagt, på ein effektiv og fagleg god måte. Dette skuldast både avbrot og at ein kan verta nytta som vikar i planleggings- og førebuingstida. Berre 18% svarer at dei får tilbake alt av planleggings- og førebuingstid som går tapt grunna avbrytingar eller vikarbruk. I Tysvær har vi i dag 50% pedagogtettleik og i utgangspunktet god planleggingstid pr. barn og fordeling av arbeidsoppgåver.

Utdanningsforbundet Tysvær meiner det er viktig å sikra tid til planlegging i større grad enn det avtalen i dag gjev rammer for. Det er og viktig at kvar pedagog har tett dialog med sin leiar slik at ein sikrar nok tid til planlegging. Vi ynskjer ikkje vilkårlege rammer og ulik praksis mellom barnehagane. Barnehagelærarane må få forsterka moglegheitene til å gjere godt lærararbeid, basert på kvalitet gjennom aktivitetar, observasjon, samspel, rettleiing av personalet, vurdering og dokumentasjon. Utdanningsforbundet Tysvær meiner kvaliteten på barnehagelærarane sitt føre- og etterarbeid er avgjerande for kvaliteten på arbeidet med enkeltbarn og heile barnegruppa.
Ein konsekvens av å sikra førebuings- og samarbeidstida for barnehagelærarane og dermed kvaliteten i barnehagane, er at det må vere sikra ressursar til ei forsvarleg dekning av pedagogar i lag med barna den tida som dette då krev. Utdanningsforbundet Tysvær meiner det ikkje skal vere eit spørsmål om dårleg samvit knytt til retten til å utføre profesjonen sin best mogleg. Difor vonar vi at nemnda som no skal vurdere arbeidstida til barnehagelærarar, landar på ein avtale som begge partar kan akseptere.

Resolusjon årsmøte Utdanningsforbundet Tysvær, 03.03.16

Lars Johannes Liknes