Det er også høgtida for dei som feirar den eigentlege grunnen til at me har påske. For dei er desse dagane ekstra viktige.
Men det er nå ein gong blitt slik at mange av dei som snakkar kristendomen mest ned, nå er i gang med å fylle opp bilar og hytter med all slags godt. Den store snakkisen i inngangen til påskehøgtida, er ikkje om Jesus på korset, men kva smågodtet kostar i butikken. Vin og lammelår står også høgt på lista over det ein berre må ha i slike tider. For ikkje å snakke om sol og lange skiturar.
Vel, det er lite ein kan gjere med det, og eg trur den norske kyrkja kan leve godt med dette lettare fanatiske fjell-, sjø- og hyttelivet til nokre av sine kritikarar.
For dei ser at mange treng eit pusterom nå, etter ein våt og kald vinter. Sol og påske gjer noko med oss. Det gir energi nok til å ta ein ny runde på jobb, på skulen eller som eldsjel i friviljuge lag og foreiningar.
Og me går inn i ei spennande tid. Det er vår i lufta og tysværbuen lar seg aldri be to gonger når det gjeld hagearbeid og turgåing. Det er folkevandring i turløypene og lyden av motorsag kan høyras på lang veg.
Men det er også tida då politi og forsikringsselskapa sender ut pressemeldingar om faren for innbrott og trafikkulukker. Dei ber folk om å tenkje seg om. Gjere avtalar med naboen om ein reiser vekk, og langs vegen kan dei ikkje åtvare nok mot råkjøring og feillasta bilar.
Påsken og våren har nemleg alt dette i seg. Kos og stress hand i hand. Mange klarer ikkje å kople ut, og det er neppe tilfeldig at både tjuvar og politiet har høgsesong nå. Folk er så stressa etter å komme av garde at dei nærast lar huset stå opent. Andre kjører så fort at UP har meir enn nok med å skrive ut bøter.
Me kan ikkje anna enn oppfordre til at ein tar det med ro. Ha respekt for kvarandre og nyt eventuelle fridagar som kjem den neste veka.
Kos deg med påskeavisa vår, og så er me tilbake med ei ny papiravis torsdag 31. mars.
På nett kjem det oppdateringar kvar dag også i påsken.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør