Samling i krysset. Knut David Vea, Leif Inge Stange og Johnny Wannberg har litt å gruble på før dei startar utskiftinga av kloakkrøyra som går i Frakkagjerdvegen. Anleggstart er 26. september. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Samling i krysset. Knut David Vea, Leif Inge Stange og Johnny Wannberg har litt å gruble på før dei startar utskiftinga av kloakkrøyra som går i Frakkagjerdvegen. Anleggstart er 26. september.

Grått ute, gult inne

Påsken kjem tidleg i år. Så tidleg at mange vel å pynte inne.

Mange liker å pynte i hagen til påske. Påskeliljer og snøklokker stikk forsiktig fram og gir eit endeleg håp om ein ny vår. Men i år kjem påsken så pass tidleg at ikkje alle har fått den store kjensla av gulfarge i beda.
– Det merkar me i butikken, for det er ei auke i dei som vil ha gode råd for planting i krukker, og i vasar inne. Nattefrost er nemleg ein fiende for alle oss som liker å jobbe med blomar, seier Sandra Constanse Sandvik.
Ho jobbar hos Palmehagen i Aksdal Senter, og vandrar rundt i ein stadig «gulare» butikk.
– Det har komme inn mykje gult dei siste dagane. Det er planter som kan stå ute i krukker, og det er blomar som ein må passe meir på, og ha inne. Dei fleste kjøper påskeliljer som dei plantar i diverse krukker. Gjerne saman med litt lyng eller andre hardføre planter. Det som er fint med dei, er at ein kan plante dei ut etterpå, og så vil dei dukke opp att neste år. Ein annan positiv ting med påskeliljer er at dei toler mykje. Ei natt med temperaturar ned mot null, øydelegg ikkje, seier Sandvik.

Pynt
I tillegg til ein kald vår, og tideleg påske, merkar butikken at det er stadig fleire som ikkje prioriterer hagearbeid på denne tida av året.
– Me ser at det er mange som heller vil pynte i kassar, krukker og andre passande gjenstandar. Folk er kreative, og det skal ikkje alltid så mykje til for å få litt påskestemning. Potteroser, gule sjølvsagt, er blitt populært. Eldtoppar og chrysanter er også lette å få til, og lyser godt opp i ein dekorasjon.
– Korleis er det lettast å få dette til?
– Eg kan vise ein enkel og rask dekorasjon i ei krukke. Legg leca-kuler i botn, slik at det ikkje blir så tungt at ein ikkje kan flytte den. Så tar ein vanleg plantejord og legg over det. Ein kan plante eit par forskjellige planter, og kanskje friske opp med ein Trollhassel. Den er også levande, slik at dette vil stå lenge. Og vips så har ein fått seg ei skikkeleg påskekrukke, seier Sandra Constanse Sandvik.
– Så det er ikkje krevjande å få blomane til å halde seg til sjølve påskehelga?
– I utgangspunktet nei. Faren er som sagt kulde og frost. Eit tips kan være å bruke mose på toppen av jorda, slik at den isolerer godt. I tillegg synest eg det er fint med litt mose.

Gult og gult
Nå er det slett ikkje alle som vil plante seg til påskestemning. Nokre vil berre ha litt pynt i ein vase.
– Der går det også i gult. Avskorne påskeliljer, sjølvsagt, men også gule roser er blitt svært populært. Det er gult og gult, kan ein trygt seie. Eg trur det er noko med at desse gule blomane varslar lysare tider, og det er heilt sant. Det ser me i butikken også. Det er friskt og gult her nå, seier blomsterseljaren, som har travle dagar.
I tillegg til blomane er det sjølvsagt andre ting som kan skape påskestemning.
– Ja, det er heilt klart. Me må ikkje gløyme «nipset». Påskeegg og kyllingar pyntar opp både aleine og i dekorasjonar. Det som er kjekt er å sjå kor forskjellige folk er. Mange har meiningar om korleis det skal sjå ut, og plukkar med seg deretter. Andre kjem inn og lar seg inspirere. Då kan me gi råd om kva krukker som er best, kva blomar som toler mest og korleis ein enkelt kan halde blomane i live til påske. Eg tippar det blir ekstra gult både inne og i krukkene til påske. Så får våren komme når den kjem, smiler Sandra Constanse Sandvik.

Påskemagasinet 2016

Denne saken er hentet fra vår nye Påskemagisnet 2016.

Skjermbilde 2016-03-18 kl. 12.48.25