Nivå fem i Noreg, der kor bygdelaga møtest og kor bygdeblada kan rette argusaugo mot lokale fotballheltar. Heilt uviktig for mange, men likevel noko av det viktigaste av det uviktige som finnest i verda, heiter det.
For fotballen har framleis eit grep om oss nordmenn. Me finn fram varme sko og jakker og møter opp. For å sjå ungane spele, eller om det er eit håp for a-laget i år. Me bryr oss eigentleg ikkje om det heiter 1. eller 4. divisjon. Det handlar litt om kven som speler, kven dei speler mot, og kven me treff på når me står der og frys.
For fotballen er mykje meir enn offside og lågt press. Det er også ein sårt trengt møteplass for mange av oss. Der treff me folk me elles berre er venner med på Facebook. Der kan me løyse verdsproblem, samstundes som dei håpefulle kjører nok ein mislukka kontring. Det er der me takkar ja til eit lite styreverv første gongen, og skjønar kvifor det er viktig å betale kontingenten.
Og her er dei flinke i Tysvær. Som kamparrangørar har klubbane skjønt kvifor det er lurt å opne kiosken å selje ein kopp kaffi og to. Nedstrand tok oss med storm i fjor på «Theater of Farmers», og folk tok turen på kamp i hopetal. Mange kom for å treffe folk, nokon for å heie på laget, og eit lite knippe for å nyte fotballens finesser på lågaste nivå.
I Grinde og på Frakkagjerd er dei drivne med å arrangere kampar. Dei har speakerteneste og system på det heile. Falkeid har også fått seg ein kiosk kor bygdefolket kan møtast, når heltane i blått har pause og snakkar taktikk på bakrommet.
Og me er nøydt til å nyte dette, for på banen er det lite som vitnar om nye opprykk og jubel denne sesongen.
Skjold kan om dei lukkast frå starten av, vere med å kjempe om ein topp-5 plassering, noko som vil vere bra. Stegaberg må kjempe som løver for å unngå å bli sist. Falkeid skal spele i 6. divisjon, noko som i utgangspunktet er nitrist. Men kanskje det er ein fin stad å bygge opp eit nytt lag. I botn av divisjonssystemet har me heldigvis fargerike lag som Nedstrand og Stega 2.
Eit fantastisk godt bevis på at fotball er det aller viktigaste av alt det uviktige.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør