Marina Johansson (piano) og Tobias Tellmann (cello).
Marina Johansson (piano) og Tobias Tellmann (cello).

Ny lunsjkonsert 1. april

Det er ingen spøk. Me spanderer ein klassisk lunsjkonsert 1. april. Cello og piano pluss litt bursdagsfeiring står på programmet.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det er Tobias Tellmann (cello) og Marina Johansson (piano) frå Munor som gjestar kafeen i Tysværtunet denne fredagen. Munor, som også gjesta oss i fjor, er eit kvalitetstilbod som Haugalandet kan vere stolte over. Denne gongen kjem altså to av dei, og dei meiner dei jobbar med kunstverk.
– Det er omtrent umulig å slite ut den klassiske musikken. Det er kanskje til og med ein del av grunnlaget til namnet, «Eit pusterom i lunsjtid». For klassisk musikk har ein oppimot dokumenterbar positiv effekt. For oss musikarar er det eit privilegium å få jobbe med slike kunstverk, seier duoen.
Dei har med seg verk av Beethoven, Chopin og Rachmaninov.

Kakefest
Denne gongen blir det også kakefest. Kafeen i Tysværtunet rundar i desse dagar 15 år, og det vil dei feire med kake og kaffi til alle som gjestar lunsjkonserten.
Og kva er vel ein betre start på den skikkelege våren, enn litt klassisk musikk, eit kakestykke og ein kopp kaffi.
Og det er ingen spøk.
Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad.
Lunsjkonserten startar klokka 11.30, men det er lov å komme tidlegare for å være med på bursdagsfeiringa til kafeen.