19 år gamle Kjetil Djønne frå Førre er klar for EM for brassband i Frankrike. Foto: Mona Terjesen
19 år gamle Kjetil Djønne frå Førre er klar for EM for brassband i Frankrike. Foto: Mona Terjesen

Klar for Brass-EM

Kjetil Djønne er over midvegs i det første året sitt på Griegakademiet i Bergen, og allereie er 19-åringen på god veg mot ein stor musikalsk karriere. Siste helga i april reiser han til Frankrike for å vere med Stavanger Brass Band i EM.

Av Mona Terjesen
– Bergen er veldig bra! Både miljøet, skulen og folka er heilt topp. Korpsmiljøet i Hordaland merkast spesielt, og studentlivet er også supert, roser 19-åringen frå Førre.

Positivt press
Kjetil studerer utøvande bachelor på euphonium, som er hans hovudinstrument. Studentlivet på ærverdige Griegakademiet gir også rom for å drive med annan musikk.
– Eg har moglegheit til å drive med musikk på fulltid og utvikle meg på det området. Eg har alltid vore langt over gjennomsnittet interessert i musikk, men til og med eg kjenner at det tar litt på i lengda. Det mentale presset med å alltid skulle prestere – uansett når, kor og for kven. Og det er absolutt sant det dei seier om at ein finn ut meir og meir av alt ein ikkje kan, når ein utviklar seg – og strekk seg etter eit såpass hårete mål som mange av oss på skulen. Når det er sagt er det et privilegium å få sjansen til studere det eg elskar, og eg koser meg kvar einaste dag, fortel Kjetil.
– Lærer du mykje?
– Veldig mykje, innan mange forskjellige område i det musikalske landskapet. Eg trur eg har brattast læringskurve innan den klassiske musikktradisjonen og historia bak. Eg var nok ikkje den i klassen som hadde høyrt på mest klassisk musikk, men eg føler det har betra seg. I tillegg er eg blitt betre på instrumentet, noko som sjølvsagt gir motivasjon og lyst til å fortsette.

Les hele saka i papiravisa.