Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

– Ferja er viktig!

– Dokker har vore saklege og komme med mange gode innspel, som eg kjem til å ta med meg vidare og be dei ta seriøst, sa fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, då ho besøkte Aksdal førre veke, for å diskutere framtida til Nedstrandsferja.

Av Mona Terjesen
Som kjent har administrasjonen i Rogaland fylkeskommune foreslått å halvere rutetilbodet til Nedstrandsferja, eller meir korrekt Finnøysambandet. No skal det berre gå éin avgang til og frå Nedstrand per dag. Både politikarar, næringa og befolkninga reagerer kraftig på forslaget, og meiner at dette er nok eit skritt på vegen mot total nedlegging.
Skeiv fordeling
Torsdag førre veke var fylkesordførar Ege Tengesdal i kommunehuset, der ho fekk høyre transportnæringa, bygdeutvala, ordførarane og administrasjonane i Tysvær og Suldal sine syn på saka. Dei var alle einige i at ytterlegare kutt i rutetilbodet på nordsida i fylket, vil få fatale konsekvensar.
– Det er ikkje snakk om å kutte økonomisk, men omfordele avgangane, kommenterte Ege Tengesdal.

Les heile saka i papirutgåva.