MF Foldøy, Nedstrand, ferge
Blir det éin eller to ferjeavgangar framover? Onsdag kjem svaret. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Onsdag fell dommen

Onsdag fell dommen. Då bestemmer samferdselsutvalet framtida til Nedstrandsferja.

– Skal nokon til Stavanger på onsdag? I så fall bør dokker stikke innom fylkeshuset på ettermiddagen. Då blir saka om Nedstrandferja handsama i samferdselsutvalet, oppfordra ordførar Sigmund Lier på facebooksida «Aktuelt på Nedstrand» fredag formiddag.
Også leiar i bygdelaget, Arne Jon Myskja tar til ordet for ferjesaka på sida:
– Onsdag skal samferdselskomiteen i fylket ha ferjesaka til handsaming. Samferdselssjefen har innstilt på å redusere til éin dagleg rundtur. I saksframstillinga er det gjort ein nokså einsidig og summarisk framstilling av svara frå høyringsrunden. Det er viktig at politikarane i samferdselsstyret blir klar over konsekvensane av det dei vedtek.
Det er no det gjeld. Det er politikarane som bestemmer, det er viktig at vi brukar kontaktar til å legge fram vår sak, samtidig som vi brukar media til å setje våre argument på kartet, fastslår han.