Skjermbilde 2016-04-12 kl. 10.39.50

Reduserer opningstida

Statens vegvesen set i verk tiltak for å motarbeide juks på teoriprøve. Frå no vil det alltid være eigen eksamensvakt tilstade under teoriprøven.

Dette fører til at det blir færre dagar med drop-in teoriprøvar på trafikkstasjonane.
Teoriprøven har i mange år vore open for drop-in kvar dag på trafikkstasjonane i Region vest.
– Den auka problematikken med juks på teoriprøvar gjer at Statens vegvesen må sette i gang tiltak som kan forhindre dette. Eit av tiltaka er at det til ei kvar tid skal vere eksamensvakt i rommet når det blir halde teoriprøve. Dette har vore praksis på store trafikkstasjonar og blir no også gjeldande på mindre stader, fortel avdelingsdirektør Jan Tore Odd.
Auka innsats på teorivakt gjer at tilsette må omprioriterast frå andre oppgåver. Samtidig skal andre tenester skjermast.
– For å få dette til må vi redusere tilbodet på drop-in teoriprøvar, opplyser Odd.
I Haugesund vil ein ha tilbod fram til klokka 13 på kvardagane.