Fleirtalet i kommunestyret stemte for å gi foreldre og ungar i Tysvær, fem betalingsalternativ i SFO-ordninga. Frode Johnsen (H) var ein av dei.
Fleirtalet i kommunestyret stemte for å gi foreldre og ungar i Tysvær, fem betalingsalternativ i SFO-ordninga. Frode Johnsen (H) var ein av dei.

– Skal ikkje tene pengar på SFO

– Me raserte SFO-tilbodet for eit par år sidan. No som me reduserar prisane, vil antakeleg etterspurnaden gå opp igjen, sa Frode Johnsen (H) under kommunestyremøtet tysdag kveld. Politikarane spyttar inn ein halv million ekstra, for å gjere SFO-tilbodet så godt som mogleg.

Med unntak av to representantar i FRP (Rettedal og Baustad), var alle dei folkevalte einige om å gi så mykje som mogleg for å styrke SFO-tilbodet i Tysvær. For to år sidan kutta dei så voldsamt i tilbodet, at søknadstala stupte. Dermed fekk ein heller ikkje den økonomiske gevinsten som var tenkt.
Og no, etter ein høyringsrunde, er altså tilbodet frå skulestarten til hausten, endra radikalt. No kan foreldra velje mellom fem ulike løysningar;
1: Frå 07.00 til skulestart.
2: Frå skuleslutt til 15.30.
3: Frå skuleslutt til 16.30.
4: 07.00 til 15.30.
5: 07.00 til 16.30.
Politikarane valte å legge inn eit ekstra betalingsalternativ i dei nye vedtektene (alternativ 2). Det er denne endringa som vil koste kommunen litt meir, men gi foreldra større valfridom.
I vedtaket heiter det også at skulane blir pålagt å legge inn spørsmål om SFO i foreldreundersøkingane framover, slik at ein får eit betre grunnlag for å evaluere effekten av dei nye tiltaka.

Les heile saka i papirutgåva
NB: I papirutgåva kjem det ikkje fram av FRP var delt i saka. Mens Rettedal og Baustad stemte mot fellesforslaget, gjekk Hellerslien og Sandvik for.