Astrid Eide.
Astrid Eide er klar for ny jobb.

Hanasand ferjekai erstattar Mekjarvik

Hanasand ferjekai erstattar Mekjarviki dårleg vêr. Det gir eit vesentleg betre tilbod til trafikantane

Frå 2017 kan ferjeturen over Boknafjorden ved dårleg vêr bli vesentleg kortare for trafikantane.
Statens vegvesen og Rennesøy kommune er einige om ein avtale. Statens vegvesen leiger Hanasand ferjekai som beredskaps- og liggekai i åtte år frå 1. juli 2016. I avtalen inngår også ein opsjon på fem år. Når Mortavika i dag er stengt på grunn av dårleg vêr går ferjene til Mekjarvik. I framtida kan dei gå til Hanasand når Mortavika er stengt.

Betydeleg kortare
– Vi leiger ferjekaien for å kunne gi eit betre tilbod til trafikantane når vêret er så dårleg at ferjene ikkje kan gå til Mortavika. Hanasand gir betre ly for vinden og bølgjene er mykje mindre inn mot Hanasand. Turen frå Arsvågen til Hanasand er betydeleg kortare enn til Mekjarvik, poengterer avdelingsdirektør Astrid Eide i Statens vegvesen.

Betre frekveks
– I og med at reisetida til Hanasand er bortimot det halve av turen til Mekjarvik, håper vi også på betre ferjefrekvens ved dårleg vêr samanlikna med det vi i dag klarer til Mekjarvik, legg Eide til.
Avtale gjeld frå 1. juli, men kaien treng ei omfattande oppgradering før ferjer i sambandet E39 Mortavika-Arsvågen kan legga til på Hanasand.

Fire ferjer frå 2019
Frå 2019 blir det fire ferjer, pluss reserveferje, i sambandet Mortavika-Arsvågen. Det gir eit auka behov for fleire liggeplassar. Hanasand blir eit viktig supplement til Mekjarvik som er permanent beredskapskai. Dette er også ei ein grunn til at avtalen mellom Statens vegvesen og Rennesøy kommune er viktig.