Marianne og Arve Nesheim-Hauge meiner konsekvensane blir fatale om ferjetilbodet blir halvert. 
Foto: Mona Terjesen
Marianne og Arve Nesheim-Hauge meiner konsekvensane blir fatale om ferjetilbodet blir halvert.

Skeptiske etter utsettinga

Både ordførar Sigmund Lier og bebuarar på Nedstrand er skeptiske til det nye forslaget til samferdselsutvalet. Førre veke utsette dei ferjesaka, men Nedstrand er «gløymt» i det nye forslaget.

Av Mona Terjesen
Onsdag førre veke skulle samferdselsutvalet ta ei avgjerd i saka om midtsambandet. Mange venta spent på svar om Nedstrand får halvert anløpa sine. Men så blei saka utsett til neste møte – 1. juni. Dette tok ein først som eit positivt signal…
– Eg trur at medlemmene i utvalet har lagt merke til alle innspela som har komme inn. Eg håpar og trur at utsettinga er eit signal om at medlemmene nå ser dei er forplikta til å gi eit rutetilbod til heile fylket. Eg trur også at medlemmene ser det urimelige i forslaget – med å ta avgangar frå Foldøy, Jelsa, Hebnes og Nedstrand, berre for at dei i sør – som allereie har mange avgangar, skal få enda fleire, kommenterte Lier idet utsettinga blei kjent.
Men no som han har fått sett på ordlyden i forslaget, er han langt meir skeptisk.
– Ordlyden i forslaget er skummel med tanke på Nedstrand. Det er planar om batteriferje mellom Hebnes og Foldøy. Då dett Nedstrand ut og får sin eine avgang, seier ordføraren.