Endeleg får Roy Helge Hank Furuly Andersen klede å jobbe i. Han purra i to år utan hell. Ein dag etter at Bygdebladet tipsa kommuneleiinga, var problemet fiksa. 
Foto: Mona Terjesen
Noko av det Einar og Veronika synst er kjekkast med denne sporten, er at også ungane kan vere med. Og dei liker det alle saman.

Vårpuss: Lukta av våren i Tysvær

Våren er komen. Eit sikkert teikn på dette er hytteeigarar som kvar fredag strøymer innover Skjoldafjorden, ein av dei fremste hyttefjordane i
kommunen. Borgøy, som ligg som ein kile i fjorden, veit å ta sin del av hyttefolket.

På øya vert nærare 45 hus og leigeheiter nytta til ferie og fritid, medan dei fem som bur her fast er spreidde ut på tre bustader. Øya er prega av stille og rolege kvardagar, medan helgene blir snudd til ein folkefest. I ulike krokar av øya høyrer ein lått og prat, motorsagene durar og flittige hender får fram det beste i hagane.

Nye hytter
Sidan den siste reguleringsplanen for Hattarvågen vart godkjend i 2006 har det blitt bygd i alt 16 nye hytter. I 2015 stod to nye hytter ferdig, og til sommaren er også hytta til Rune Ådland innflyttingsklar.
– Nesten alt av arbeidet utvendig er ferdig, inne er eg også godt på veg. No ventar eg på bestillingsvarer; kjøkken, bad og trapp. Håpet er å ta hytta i bruk til sommaren, seier Ådland.
Åkrabuen starta å bygge hytta saman med to andre samarbeidspartnarar hausten 2015. Målet er å tene pengar på å leige ut hytta, samstundes som han ønskjer å bruka hytta sjølv, når ho ikkje er utleigd.
– Oldemor mi vaks opp i huset som ligg ovanfor hytta – slik sett har eg kome tilbake til heimgarden til slekta mi. Ho og mannen budde i byrjinga på sørvest-enden av Borgøy, på ein stad som heiter Breiavikja. I dag ligg det tre hytter her, knytta til slekta vår. Eg har i alle år feriert der, og ein fredelegare stad skal ein leita lenge etter. Men med dagens krav til komfort frå ungdommen er det vanskeleg å få dei til å trivast på ein stad utan straum og innlagt vatn. Difor valde eg å bygge her i Hattarvågen, då sjansen baud seg, fortel Ådland.

Barndommens rike
I nabohagen er Ole-Jan og Anne Karin Falkeid Askeland ivrig opptatt med vårpussen. Terrassane er spylte for grønske, stemorsblomane er komen i krukka, og nå er det den blomstrande lyngen som skal frigjerast frå den over-ivrige prydbraken som har vekse seg utover bedet.
– Ja, eg og må få båten på sjøen, nikkar Ole-Jan, – eg rakk å botnsmørje han i påsken, nå skal han sjøsettast.

Les heile saka i vårt «Vårpuss» i denne vekas avis.