Førlandskarusellen skil seg ut som eit løp for bygda, sjølv om gjester er hjarteleg velkomne. Det er god stemning og det betyr lite om ein er først eller sist.
Førlandskarusellen skil seg ut som eit løp for bygda, sjølv om gjester er hjarteleg velkomne. Det er god stemning og det betyr lite om ein er først eller sist.

Førlandsbygda, ein gjeng med joggarar

Totalt ble det registert 362 tider under årets Førlandkarusell. Ikkje rart dei kallast joggebyga.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Årets fire løp er over, og det er nesten som ein høyrer eit unisont sukk frå bygdefolket. Og det er ikkje rart. Løpskarusellen har samla både små og store til fire løp denne våren. 82 stilte til start den siste kvelden, nokre rett frå fotballtrening, andre på vegen heim etter en lang arbeidsdag.
– Me kunne vore endå fleire om me hadde annonsert. Men me vil at dette skal vere eit arrangement som me har kontroll på blir skikkeleg gjennomført, og då er omlag 100 perfekt, seier eldsjeler hos arrangøren Førland IL.
I tillegg seier dei som tar seg av tidtaking og saftblanding at det er kjekt å samle bygdefolket også.

– Knallkjekt
Det meiner trioen Maren K. Henriksen og tvillingsystrene Liv Kristi og Selma Terese Hodne også.
– Dette er knallkjekt. Alle er med og det er perfekte løyper. Var litt tungt i Eikelundbakken, men det gikk fort over. Da kjente vi det litt her, seier dei tre jentene og peiker på beina.
Skal ein dømme etter farten dei hadde mot mål, så var dei ikkje så frykteleg slitne. Det gjekk unna heile vegen inn.
– Me har vore med kvar gong og det er like kjekt nå, som første gangen. Her treff me også mykje folk og snakkar og leikar saman før me begynner løpet. Som sagt knallkjekt, glisar den raske trioen frå Førland.

Les meir i papirutgåva