Du er den viktigaste

Denne veka serverer me både vanleg avis og eit magasin med fokus på næringsliv og industri. Den siste er eit samarbeid med naboavisa Grannar.

Dei vekene me har jobba med denne temaavisa har mørketala frå NAV vore med oss. Stadig fleire har mista jobben, og fleire enn vanleg trur at dei er nestemann på lista. Det som før var trygt og godt er det ikkje lenger. Les ein berre overskriftene, så ser det bekmørkt ut.
Ein som lever med dette kvar dag er regionsdirketør Truls Nordahl i akkurat NAV. Han les tal, analyserar dei, og legg planar for kva som skal skje når alle desse kjem til NAV-kontora for å få hjelp.
Å sitte ned og prate med Nordahl var ei god oppleving. Det var ein offensiv sjef. Ein som har tru på framtida, og som ser at det er mulegheiter.
Det som er viktig nå når arbeidsløysa er i ferd med å feste eit grep, også her hos oss (125 ledige 1. mai), er å hente fram det beste i seg sjølv. Kvar og ein av oss er den beste ressursen, meiner han.
Og han har rett. Mange av dei som nå står utan jobb har kompetanse som er historisk høg, og som det garantert er behov for mange stader. Går ein i seg sjølv, legg vekk forventningar om gigantløn, og vel å tenkje nytt, ja så står jobbane og ventar. Allereie i dag, faktisk, om ein les dei siste meldingane frå nettopp NAV.
Og kan ein flytte på seg, skal det ikkje vere grenser for kva mulegheiter det er der ute i landet vårt. Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark treng folk, og det kjapt.
Samstundes veit me at me ofte er vår eigen verste fiende. Me har litt lett for å gi opp, spesielt når ein har sveva på ei lønssky gjennom mange år. Mange har spart og jobba det dei har kunne, for å bygge seg hytte, kjøpe seg båt, og ikkje minst hus og bil, som syner kven dei er.
Og sakshandsamerane i NAV ser at dette er ei utfordring. Dei er trena opp til å sjå menneska som kjem, lytte til dei, og gi gode råd på vegen vidare. Som Nordahl så treffande seier: Ein må ta tak i seg sjølv, og få ut det beste i situasjonen som har oppstått. Med hjelp frå oss om det er nødvendig.
Lyset på arbeidsmarknadshimmelen skal vere i 2018. Mange kan ikkje vente så lenge. Dei må gjere grep nå. Ein kan ikkje anna enn å krysse fingrane for at arbeidsmarknaden tar seg opp, og at nedgangen i oljerelaterte verksemder snur.
Det gjer me i ei veke kor nettopp denne industrien har opplevd ei tragisk hending vest av Bergen. «Alle», også i Tysvær, kjenner nokon som jobbar i olja. Me er tross alt ein liten familie i dette landet, og alle kjenner på sorga.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør