Måndag 9. mai begynner kolonnekøyringa i E39 Byfjordtunnelen. Då startar Statens vegvesen siste del av oppgraderinga av Rennfast.
Det neste halve året blir det kolonnekøyring. Entreprenøren arbeider i tunnelen sju dagar i veka, frå klokka 22:00 til 06:00. I dette tidsrommet blir det kolonnekøyring. Kolonnetidene er koordinert med ferjerutene. Buss i rute får passere med eigen ledebil.
– Vi avviklar trafikken i kolonnar med ledebil om nettene. Kolonnane går til faste tider kvar kveld og natt, fortel prosjektleiar Truls Kolnes i Statens vegvesen.