Vegard Stakland fekk seg ein skikkeleg blåveis i dag. Men han skåra to mål og var blid for det. Foto: Joachim Kvalavåg
Vegard Stakland fekk seg ein skikkeleg blåveis i dag. Men han skåra to mål og var blid for det. Foto: Joachim Kvalavåg

Ein smell, ein skrell og ein siger

Vegard Stakland og Stegaberg 2 fekk seg ein smell i opningsminuttane på Ferkingstad. Dei reiste seg og vann stort. Det gjorde ikkje Nedstrand som tapte stort i Vats.

– Det blei til slutt ein solid 7-1 siger, etter at det var 3-1 ved pause. Me slapp inn eit mål på ein corner etter to minutt, men kom oss over sjokket. Me sleit litt med motvind i første, men klarte å snu ded. Så kjørte me heile kampen iden andre omgangen, og burde skåra meir mål, seier trenar Svein Are Pedersen.
Målskårarar: Martin Husa 2, Vegard Stakland 2, Daniel Fjellstad, Jostein Berg Lyngholm og Joachim Kvalavåg.

Smell
Nedstrand var på tur til Vats og jaga topplassen i 7. divisjon. Eit raudt kort (Eivind Espevik) og 0-6.
Det mest imponerande frå NIL i denne kampen var at 18 supportarar hadde funne vegen til Hatteland Stadion i Nedre Vats. Det er bra saker.