Ann Kristin Rørtveit har lenge lest Tysvær Bygdeblad, men sist månad blei ho fast abonnent.
– Me er ein skikkeleg Skjold-familie som bur på Garhaug. I det siste har ungane leita etter «Mitt lag» og då tenkte eg at det er på tide å bli fast abonnent. Eg såg det var ein konkurranse, kor ein kunne vinne Søderlund-drakt, men var vel såpass realistisk at eg tenkte at den vinn nok nokon annan.
– Så fekk du ein telefon?
– Ja, eg var på veg til jobb i barnehagen på Bråtveit i Sveio, då eg fekk vite at eg var trekt ut. Det er skikkeleg stas eigentleg, for me likar godt Alexander, og måten han er på. Både han og Håvard Nortveit er flotte ambassadørar for lokalfotballen, og me leiter etter saker om dei, også i Bygdebladet, seier Rørtveit.
Les heile saka i papiravisa.