Ny brygge, ny bølgebrytar langs heile kaien… Det opne anlegget i Førre blir stadig flottare, og stadig fleire veit å sette pris på det.
– Me kunne jo ha stengt av hamna, men me ønskjer å halde ho open. Mange joggar her. Dei spring langs kaien og snur i enden. Fleire bruker det også som turmål. Det er blitt veldig flott her, og det er kjekt å sjå at mange sett pris på plassen, seier leiar i båtforeininga, Arnt Heggøy.
Venteliste
Dei har 155 båtplassar og 230 medlemmer. Over 50 står på venteliste. Båthamna i Førre har vore sidan 1975, og blir berre meir og meir populær.
– Me er så heldige at me har ein kommune som gir båtforeninga gratis grunn. Når me ikkje må betale for plassen, så trenger me heller ikkje ta så mykje betalt for kontigentane og båtplassane, forklarer Arnt.
– Me hadde dobbelt så mange på venteliste for nokre år sidan. Men så gjorde me eit vedtak om at kaien berre er for dei som bur i Førre-Grinde-området. Det var uansett dei som blei prioritert, og då såg me at dei som kom frå andre stader aldri hadde sjans til å få plass, seier nestleiar Thor Arne Lie.
Ungdomsplassar
Båt og sjøliv er på ingen måte førebehaldt dei vaksne. Også ungdommane likar seg godt på fjorden. Det har Førre båtforeining valt å ta omsyn til.
– Me har eit sommartilbod til ungdommane. Me har ti jolleplasser som er sett av til dei. Så får dei leige plass ut sommaren, det vil seie tre månadar for ein rimeleg penge. Dei fleste har båtane sine på hengar resten av året og manglar kanskje bryggeplass når sommaren kjem. Det er framleis nokre ledige ungdomsplassar for denne sommaren, fortel Thor Arne.
– Korleis er båtinteressa blant jentene?
– Det er faktisk meir jamn fordeling mellom gutane og jentene enn ein kanskje skulle tru. I fjor hadde me tre jenter og sju gutar som disponerte plassane, nikkar Arnt.
Les heile saka i papirutgåva