Helsevesenet i Tysvær treng ein plan B

Torsdag den 10. Mai vart eg innlagd på sjukehuset I Haugesund og eg vart operert dagen etterpå.

Operasjonen gjekk fint, men då eg vart løyst frå alle slangar og ledningar to dagar seinare hadde eg eg store problem med å koma meg til toa-lettet. Ein gong datt eg. Då kom dei med ein rullator som eg skulle bruka. Søndag 1. Pinsedag vart eg utskreven. Eg bad då om dei kunne ordna det slik at eg kunne få koma på sjukeheim i Aksdal. Eg fekk då til svar at dei måtte få vita når dei kom og henta meg, så skulle der koma ei frå Aksdal og snakka med meg. Og då eg kom heim kom ho. Eg spurde då om eg kunne få vera nokre dagar på Tysværtunet. Ho fortalde då at dette ikkje let seg gjera, fordi sjefen hadde fri i 4 dagar og ingen an-dre hadde lov til å leggja nokon inn.
Eg har ikkje gått på høgare skule, men eg har vore befal i militeret, og endå lengre i heimevernet. Der har eg lært at der skal alltid vera ein sjef og ein nestkommander-ande (N.K.). Dersom sjefen ikkje er i stand til å utføra pliktene sine så skal alltid N.K. overta som sjef. Det er dette helsevesenet i Tysvær manglar.
La det vera sagt med ein gong at sjukepleiarane og alle som arbeidar her gjer ein god jobb. Men kven er det som kan gi ei slik fullmakt til heimesjukepleiesjefen? Det undrast eg på. Er det kommunestyret eller er det rådmannen?
Eg meinar at dei som ikkje ryddar opp i dette bør ta både huå og hatten sin å gå.

Dagfinn Hellesøy.