Fornuft og kjensler

Folkerøystingar er i vinden for tida. I kommunar rundt om i Noreg gjer innbyggarar si røyste til om dei vil slåast saman med sine naboar.

Sannsynlegvis vil Tysværbuen måtte ta stilling til dette ein gong, men medan me ventar står det ei anna folkerøysting for tur.

Den 15. Juni skal skulekrinsane Grinde og Tysværvåg avgjere om dei framleis skal skrive nynorsk som hovudmål, eller om dei skal skifte over til bokmål. Tysvær Mållag er naturlegvis opprørt og mobiliserer med folkemøter og avisinnlegg.

I mine og Tysvær Høgres auge er det ikkje noko i vegen for å kjempe for å behalde nynorsk som skriftspråk. Nynorsken er utvilsamt ein viktig bit av historia som ein tradisjon, og det skil oss ut blant dei store nabokommunane våre. Som Høgreveljar er dette faktorar eg set pris på og kan kjenne meg igjen i.

Samstundes bør me merke oss at mange av argumenta dei presenterer ikkje held vatn. Argumenta om at nynorsk ligg tett opp til vår eiga dialekt og at det difor vil vera enklare og læra seg, kan jo umogleg vera rett då sjølve avstemminga jo er aktuell nettopp fordi så få veljar nynorsk i utgangspunktet. Elevane i bokmålskommunar har like enkelt for å lære seg skriftleg bokmål, sjølv om dialekta deira ligg tett opp mot nynorsken.

Eg trur heller ikkje at det er økonomiske grunnar, fordommar, eller manglande visjonar som gjer at nynorsk mistar fotfestet blant elevar. Eg meiner også at det ikkje har mangla politisk engasjement rundt saka, korkje lokalt eller nasjonalt. Eg trur at problemet ligg i at folk flest ikkje har behov for to skriftspråk, slik dagens situasjon legg opp til.

Elevane vert tvinga til å læra seg to målformar i løpet av grunn- og vidaregåande skule. Ein av fem kan ikkje lesa og skriva skikkeleg når dei fullfører. Då hjelp det lite med eit ekstra skriftspråk å fokusera på. Det bør difor ikkje vera eit mål i seg sjølv at alle elevar skal kunna begge, men at dei skal kunna eitt godt. I mine augne er det sjølvsagt at flest mogleg skal kunna skriva, framfor at flest mogleg skal kunna skriva nynorsk. Det synst eg også Tysvær Mållag bør verdsetja.

Skal Mållaget lykkast bør dei jobba for å auka attraktiviteten til nynorsk. Det kan dei ikkje gjera ved å fortelje kor enkelt det er å læra eller kor tett opp mot dialekta nynorsken ligg. Nynorsken må væra eit attraktivt alternativ i dagleglivet og i arbeidslivet. Med mindre ein jobbar innanfor skuleverket eller visse deler av offentleg forvaltning, kjenner eg ikkje igjen dette.

Eg håpar at så mange som mogleg nyttar røysteretta si den 15. Juni og at dei røyster i tråd med dei behova samfunnet legg opp til, ikkje i tråd med kva som er eller har vore normalen.

Ole Bjelland
Tysvær Høgre