De må ikkje skusla bort esset

Det går mot avstemming over skulemål ved Grinde og Tysværvåg skule. I staden for å kapitulera og skifta frå nynorsk til bokmål, vil me be personar i valkrinsane å støtta opp om eksisterande ordning.

Det er mange forhold som kan bidra til ein negativ spiral for nynorsken:

• Einsidig fokus på økonomi
• Kortsiktige perspektiv og manglande kulturpolitiske visjonar
• Fordommar mot nynorsk
• Foreldre som vel målform ut frå gruppestørrelse, ikkje språk
• Manglande engasjement i barnehagar, frå lærarar og skuleleiing

Lista kan gjerast lenger, men det er ikkje poenget. Poenget er at nynorsk ofte får skulda for faktorar som ikkje ligg i sjølve språket. På den andre sida veit me at slike mekanismar kan endrast, og me i mållaget vil kjempa for nettopp dette.

Det er to variantar av norsk som er pensum gjennom heile grunnskulen og vidaregåande skule. Stortinget sitt radikale vedtak i 1885 om to jamstilte språk i Noreg vart seinast stadfesta i Stortingsmeldinga ”Mål og meining” i 2002.

Korleis er situasjonen i dag, korleis fylgjer politikarar, styremakter og folk flest opp denne kongstanken? Jo, utviklinga har gått i positiv retning på mange vis: Meir fleksibilitet og større toleranse for språkleg mangfald. Dette gjer mellom anna sitt til at nordmenn har lettare for framandspråk enn mange andre. Engelsk, tysk, fransk, spansk, kinesisk. Me er på banen!

Kva då med det norske språket? Det er eit tankekors at nettopp nynorsk kan synast så vanskeleg for mange. Den skriftforma som faktisk er bygd på dialektane våre, kan møta motbør og kvasse utsegn på uforfalska Tysvær-mål… Rett nok har mobbinga minka med åra, men parodien og nynorskvitsane ligg snublande nær når språkdebatten blir reist. Forklaringar som melder seg, er framandgjering, makt, status og underdanig tilpassing.

Lokal identitet
Me ser i desse dagar at kommunane rundt Haugesund mobiliserer for å behalda sjølvråderetten sin. Det er mykje snakk om utvikling av byggjefelt, næringsområde og vegar. Mållaget skulle ynskja at det hadde vore eit like stort fokus på språk og kultur, og at bygdene ikkje vil leggja seg flate i møte med ei aukande urbanisering. Me ynskjer ganske enkelt ikkje å enda opp som forstadar til Haugesund, med bokmål over heile linja. La oss heller bli betre enn ein Haugesundar, med breiare språkleg kompetanse.

Snuoperasjon
I det heile tatt må det positive verkemiddel til for å snu utviklinga! I dag er det mange foreldre som strevar med nynorsk fordi dei ikkje lærte dette før i ungdomsskulen som sidemål. No har dei sjansen til å gjera det enklare for sine eigne barn. ”De er heldige som bur i Tysvær. De må ikkje skusla bort esset” som professor Sylfest Lomheim sa i eit innlegg på Tysværtunet nyleg. Godtfolk, her kan ungane læra seg nynorsk som fyrste målform, tett opp til talemålet, som pedagogisk sett alltid er best. Og slik blir dei betre i språk totalt sett.
GODT VAL, og hugs: Det er allmenn stemmerett! Dette handlar om samfunnsutvikling på kort og lang sikt.

Synnøve Bredal Bjelland
Tysvær Mållag