Stegaberg kjem med imponerande 22 lag til idrettsanlegget i Tysværvåg og er ein av 19 klubbar som deltek i miniputturneringa.
Falkeid, Førland, Nedstrand og Skjold er også på plass. Det er same er grannane frå Bokn.
– Det er heilt fantastisk at så mange klubbar vil vere med å feire 25-årsjubileumet vårt. Det betyr at Kårstø Cup framleis betyr mykje for klubbane, etter alle desse åra, seier Mikael Benjamin Myklebust i Falkeid IL.
Premiering
Alle som er på cup skal sjølvsagt få eit minne med heim, men sidan ein tross alt feirar ein rund dag, så slår klubben på stortromma.
– I anledning jubileet til Kårstø Cup, ønskjer Falkeid IL, og våre gode samarbeidspartnerar, å hylle trenarar og lagsleiarar som trenar barn og unge. Det er dei som er grasrota i norsk fotball, og det er dei som gjer den første, og mange vil seie den viktigaste jobben, med å forme «morgondagens helter», som cup-partner Statoil så fint kallar det. Difor skal me gi vekk flotte premiar som kampbillettar til FKH-Viking og utstyr frå vår sponsor Statoil, seier Myklebust.
Det blir kampar på Troppene heile sundagen, og dette er noko som er heilt gratis å komme og sjå på. At det er moro, er det ingen tvil om.
Jubilanten er heilt i 100
Kårstø cup feirar seg sjølv og dei 25 første åra på sundag. Og kva passar betre enn at det er påmeldt 100 lag.