For meg ser det ut til at saka er i ferd med å bli ein strid mellom dei foreldra som vel bokmål og dei som vel nynorsk, mellom dei som er for nynorsk og dei som er imot.
Det er vel ikkje det som er meininga?
Dette meiner eg er eit heilt feil utgangspunkt. Det er eit overordna nasjonalt mål at Noreg skal ha to sjølvstendige skriftspråk. Dette må me forhalde oss til i Tysvær-skulen og.
Eg har sjølv ein elev ved Grinde skule som har bokmål, men eg kjem likevel til å stemme for å fortsatt ha nynorsk som hovudmål. Dette er eit val for framtidige generasjonar, me skal nå sikre valfrihet for alle. Gjer me ei endring i hovudmål er eg redd for at det kan bli færre enn ti elevar som ynskjer nynorsk, og at då dette alternativet fell bort når ein skal opprette klassar.
Slik ordninga er i dag sikrar me valfrihet og alle blir vinnerar. La alle ungane våre få vera vinnerar også i framtida La oss behalda nynorsken!!!
Då håpar eg at du brukar stemmeretten din!
Solveig Øie