Heilt ute av kontroll

Tysvær Mållag er på banen og kjempar om dagen. Dei er redde for at nynorsk skal vatnast ut i Tysvær-skulen, og ikkje bli eit sidestilt tilbod til barn og unge.

Det er på mange måtar ein viktig kamp, og ein kamp eit mållag skal ta.
Problemet så langt i Tysvær er at dei har ikkje møtt verken støtte eller motstand. Dei har fått med seg nokre medspelarar, men ikkje fått noko grasrotopprør mot den trenden ein ser og sett i skulen dei siste åra. Det er sjølvsagt tungt i ein interesseorganisasjon, som ser faresignal i nær framtid.
Likevel er det den totale mangelen på motstandarar som er det tyngste. At Ole Bjelland tar til ordet i eit par lesarinnlegg, er ikkje ein debatt. Det er soloutspel frå ei skulepolitisk interessert Høgre-politikar. Men det stoppar der. Det er ingen argumenter å diskutere, det er ingen politiske parti å slåss mot. Det er ein håplaus kamp mot eit system, som jobbar mot dei interessene som mållaget har.
Og i ein travel kvardag verkar det som om den vanlege Tysvær-borgar har nok med sitt, og ikkje lar seg engasjere i ein måldebatt. Det må vere utruleg frustrerande for dei som nå legg tia og sjela si i å få full fyr, og nynorsken opp på sakskartet der den høyrer heime.
Tysdag inviterte kommunen til eit ope informasjonsmøte om den avstemminga som nå kjem i skulane Grinde, Førland og Tysværvåg. Det er ei avstemming som bør vekke målfolket, noko det berre delvis har gjort. Historia og statistikken, som gjer at ein nå skal stemme, kan diskuterast og heilt klart seiast noko om, både frå den eine og andre sida av bordet.
Men då kjem ein fram til eit stort MEN.
– Det kan ikkje gjerast slik som i storsalen i Tysværtunet for to dagar sidan. Å gjere måldebatten om til ein personsak og nærast drive med mobbing høyrer ingen stadar heime. Eg trur eg, utan å ha ført statistikk, kan seie at eg aldri har fått så mange telefonar og meldingar etter eit informasjonsmøte nokon gong. Fleire av dei som var til stades opplevde deler av møtet som rein mobbing av ein rektor. Det var ein ordlyd i diskusjonen som neppe tener den eine eller andre sin sak. I ein periode av informasjonsmøte var det heile ute av kontroll, noko som må ha vore ei svært spesiell oppleving, både for kommunen sin administrasjon, og for leiinga i mållaget.
Me hadde journalist til stades, og godt var det. For dei meldingane som kom var urovekkande, og gjer at eg sitt igjen med to store spørsmål;
– Er det slik Tysvær Mållag ønskjer å ha lys på målsaka?
Og…
– Korleis kan Tysvær kommune tillate slikt i eit ope informasjonsmøte?
Dette er ein språkkamp kor mykje skal avgjerast dei neste åra. Då kan me rett og slett ikkje ha slike scenar som det me såg på tysdag. Det er ikkje kampen verdig.
Neste veke inviterer mållaget til eit debattmøte. Det skal bli spanande å sjå kven som tør stille opp der.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør