Bakgrunn for debatten: Dei siste åra har talet på foreldre som vel nynorsk for borna sine gått bratt ned. Det er mange grunnar til dette, som eg var inne på i mitt forrige lesarinnlegg i Tysvær Bygdeblad. Skulen og skuleeigar si rolle er ikkje minst viktig.
I sitt svar avviser Ole Bjelland alle forklaringsmodellar, og kokar det heile ned til dette: Folk flest har ikkje behov for to skriftspråk! Elevane vert tvinga til å læra seg to målformer gjennom grunnskule og vidaregåande skule. Ein av fem kan ikkje lesa og skriva skikkeleg når dei gjennomfører. Det bør difor ikkje vera eit mål i seg sjølv at alle skal kunna begge, men at dei skal kunna eitt godt. Attraktiviteten til nynorsk må aukast, om mållaget skal lukkast.
”Folk flest har ikkje behov for to skriftspråk”. Altså må Stortinget vera fullstendig i utakt med folket då det Stortingsmeldinga ”Mål og Meining” i 2008 stadfesta den likestillinga mellom dei to skriftformene våre som har vore rådande sidan 1885. Skal me ikkje ha respekt for eit banebrytande vedtak som vart fatta under langt meir kompliserte forhold enn i dag? Skal me ikkje, med alle dei pedagogiske ressursane som er tilgjengelege i dag, makta å læra oss to norske skriftvariantar? Opplæring i begge skriftspråk er basert på gjensidig toleranse og respekt. Er desse verdiane på hell i dagens samfunn?
Det kan synast som om språket er blitt instrumentelt og pragmatisk. Det handlar meir om karakterar og målingar enn å sjå på språket som ein del av vår identitet og kultur, innvevd i kvardagslivet.
”Det bør difor ikkje vera eit mål i seg sjølv at alle skal kunna begge, men at dei skal kunna eitt godt”. Korleis vil ein organisera dette? Den modellen det blir peika på – å gjera Grinde og Tysværvåg skule om til bokmålskular – vil jo heilt klart svekkja nynorsken! Dersom det kvart år er færre enn 10 foreldre som vel nynorsk for barna sine, fell dette alternativet bort for desse elevane. Og kva er oddsen for at dei seinare orienterer seg mot nynorsk som sitt språk? Det eine språket som alle bør kunna, er ifølge denne logikken altså bokmål.
Det er så mang slags tvang, og eksempelet ovanfor er eitt av dei. Tysvær Mållag ynskjer å oppretthalda dagens nynorskular som gir ein reell valfridom. Bokmålsfolket har i lange tider fått oppfylt ynskja sine om bokmål og det same har nynorskfolket, sjølv om nynorskdelen dei siste åra har blitt redusert. Me har stor tru på at nynorsk kan få meir vind i seila att.
Det er heldigvis fleire enn mållaget som forstår at nynorsk er godt brukande på andre område enn skuleverk og offentleg forvaltning. Stikkord er merkevarebygging, konkurransefortrinn, identitet og særpreg. Mange store og små verksemder innanfor media, kultur, vareproduksjon m.m. har tatt det til seg. Nynorsk er på lag med framtida, ikkje minst innanfor det private næringsliv. Noregs Mållag har lenge drive kampanjen «Nynorsk verksemd». Meld frå og du får materiell til profilering.
Heller enn å kjempa mot nynorsk og setja to likestilte og lovpålagde skriftformer opp mot kvarandre, bør ein satsa på ei raus og inkluderande haldning og kjempa for mindretalet sine rettar. Språklova slår fast at nynorsken skal styrkjast, og her har skulen eit særskilt ansvar! Det er altså behov for å framsnakka både nynorsk og dialektbruk. Dette vil auka den attraktiviteten som blir etterspurd. Det er forresten ei glede å kunna fortelja at nynorsk høyrer til dei 100 mest vitale språk i verda, og langt frå rekna som truga!
Dette valet handlar ikkje om me skal ha eitt språk i Noreg. Dette valet handlar om det primære opplæringsmålet ved desse tradisjonsrike skulane. Det er dèt saka står om, og no må folk og politikarar vakna! Det er allmenn røysterett – nettopp fordi dette handlar om kva skulevesen og samfunn me ynskjer å utvikla. Me oppmodar både unge og eldre som er opptatt av samfunnsutviklinga, til å stemma for nynorsk opplæringsmål.
Både fornuft og kjensler fortel at det er all grunn til å stemma for å behalda Grinde og Tysværvåg som nynorskskular i framtida òg, med full anledning til opplæring i bokmål. Slik er det i dag, og slik bør det fortsetja.
Synnøve Bredal Bjelland
Tysvær Mållag