Butikksjef Ronny Strøm Stange er klar til å ta i mot Apotek 1 i lokala på Frakkagjerd.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Butikksjef Ronny Strøm Stange er klar til å ta i mot Apotek 1 i lokala på Frakkagjerd.

Apotek i Coop-bygget

Apotek 1 skal etablere seg på Frakkagjerd. Det kan vere første steg på vegen mot etablering av fleire helseføretak.

– Eg kan stadfeste at Apotek 1 skal inn i dei lokala som tidlegare var tenkt til ein eventuell ny «Minutten Grill». Det er snakk om eit lokale på omlag 200 kvadratmeter, og som både vil ha inngang frå vår Extra-butikk og frå parkeringsplassen, seier butikksjef Ronny Strøm Stange i Coop.
I dag brukest det store rommet til lager for matvarebutikken, men Strøm Stange ser fram til å få ein ny butikk i lokala.

Les heile saka i papiravisa