– Målet er at dette motellet ein dag skal bli til hotell ved Aksdal Senter. Fram til det blir realisert skal me utvikle dagens motell steg for steg. Etter at Aksdal Senterutvikling (ASU) tok over drifta har me fått tilsett ein resepsjonist som skal ta seg av den daglege drifta. Det betyr at sentrum av Aksdal nå får eit skikkeleg overnattingstilbod, seier Karsten Bjelland i ASU.
Det er Ewa Bogumila som helsar velkommen i døra. Dei første turistane har vore innom.
– Eg er tilgjengeleg for dei reisande stort sett heile døgnet. Ein kan tinge rom på nett, og me har ei oversikteleg nettside som gjer at ein både kan velje storleik på romma, og kor lenge ein vil bu. Frukost er alltid inkludert, smiler Bogumila, som også har hatt tid til å gi uteområdet ein skikkeleg «facelift».
Les heile saka i papiravisa.