Nå skal alle til Island

Me nordmenn er lette å få med på laget. Eit par sigrar i eit frykteleg keisamt fotball EM er nok til at me er i ferd med å bli islendingar heile gjengen.

For det er noko med oss, når me ikkje lukkast sjølv. Då jublar me for andre underdogs, som bankar dei store. Me har sett det før, når Sverige og Danmark har lukkast i meisterskap, og me har sett det i andre idrettar. Vinn me ikkje sjølv, nei då tar me ikkje til takke med det nest beste. Nei, me vil ha dei som slår nedanfrå. Dei som «alle» trur er dårlegast, og som ikkje har ein sjanse i havet.
Denne gongen er det altså Island me trykker til vårt bryst. Ikkje heilt unaturleg for oss, for det er mange nordmenn med direkte anar på sagaøya. Og dei er litt som oss. Små i den store samanhengen, og vant til å måtte slåss for å nå fram.
På sosiale media er det nå meir islandske flagg å sjå enn innbyggarar på øya der i vest. «Alle», sjølv dei som ikkje er interessert i fotball, har fått med seg at Ragnar Sigurdsson og Kolbeinn Sigthorsson sendte Wayne Rooney og England heim som «slakt».

Det som likevel er mest fascinerande er alle dei som nå skal på besøk til Island, for å oppleve øya med historia, kulturen og landsskapet, som er blant det mest spesielle i Europa. Kva suksessen i EM har å seie i kroner og øre for den skakkjørte økonomien i landet, er det ingen som tør spå. Måla på måndag kveld er verdt nokre millionar.
Fotball EM er også ein del av sommaren for dei som startar ferien denne veka. Fjernt frå fjernsynsskjermane er Tysvær nå topptrimma til å ta imot badande, båtfolk, turgåarar og alle andre. Flotte badeplassar ventar berre på ein ny runde sol og badetemperaturar. Fjelltoppane lokkar stadig folk som legg ut bilete på Facebook, og på nytt lokkar andre ut på tur.
Campingplassane er klare til å ta imot både haugalendingar og meir langvegsfarande turistar. Flagga er for lengts heist til topps, og grillosen luktar lang veg.

Det er sommar på Haugalandet. Tysvær Bygdeblad starar denne veka både med tradisjonelle feriesider, men også med besøk i nokre av sommarbygdene våre. Det blir avis også neste veke, før me kjem ut anna kvar veke ut juli.
Hugs å sende oss dine ferieopplevingar. Nettesidene våre er der, og me deler gjerne dine opplevingar med dei andre.
Så god sommar til alle våre leserar, enten framføre TV-skjermen, ute i sola eller på veg til Island.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktø
r