Leiar i velforeininga, Pål Buch har sjølv vakse opp på campinga på Nedstrand. Han er svært nøgd med at kommunen vel å satse på den idylliske plassen.
Leiar i velforeininga, Pål Buch har sjølv vakse opp på campinga på Nedstrand. Han er svært nøgd med at kommunen vel å satse på den idylliske plassen.

– Legg ikkje ned campingplassen

Fleire med vogner i Nedstrand Feriesenter har siste tida frykta nedlegging av campingplassen. Årsaka er at kommunen ikkje forlenger avtalen med dagens drivar. – Me lover camping vidare, beroligar ordførar Sigmund Lier.

Under formannskapsmøtet 16. juni vedtok politikarane å ikkje forlenge leigeavtalen med Rasmus Skorpe som i dag driv campingplassen. Skorpe eiger sjølv ein mindre del av arealet som blir brukt til camping, resten (nedsida av vegen, ned til sjøen) leiger han altså av kommunen.
Etter at vedtaket blei gjort, har folk vore urolige og usikre på kva framtida bringer for cam-pingplassen. No kan ordførar Lier berolige dei alle, med at campinga på ingen måte skal leggast ned på Nedstrand – snarare tvert om.
– Me ønskja ikkje å forlenge avtalen med Skorpe, men vil heller ha inn ein ny aktør. Dette stemte eit samrøystes formannskap for. Me har store planar for Nedstrand. Gjennom om-rådeplan og Nedstrand 2020, vil det komme mykje nytt. Me satsar stort på Nedstrand som turistplass, då er det klart at me vil ha både hytter og campingplassen. Men me ønskjer at folka der inne skal få det fint, og at campinga skal vere ein plass som også turistar på gjennomreise skal kunne bruke. Derfor signerer me i første omgang berre ein femårsavtale med den nye aktøren. På den måten får me campingplassen med i alle planane våre om fornying, for så å gå vidare med ein leige- eller salsavtale. Det betyr at aktøren som kjem neste år, kan få opsjon på fem år til, eller meir… fortel Lier.

Les meir i papiravisa.