Respekt Lars Magne, respekt

Lars Magne Ullvang henta heim ein gullmedalje i U23-EM, levde eit par dagar på draumen om OL før han skreiv eit langt brev om at han nå tar ein pause frå alle padling.

Ein av Tysvær sine aller beste idrettsutøvarar har tatt eit val. Eit val det står respekt av.
Å vere på toppen i individuell idrett som padling er ikkje for pyser. Det krev sine kvinner og menn. Det knage på familie, venner og kjærestar. Og det er ein evig kamp mot seg sjølv. Time etter time, dag etter dag.
Langt der framme ligg eit mål. Kanskje er det OL, eller kanskje er det å bli like god som ein av sine heltar. Når drøymar brest, og ting ikkje går slik ein vil, må ein sette seg ned og tenkje.
Lars Magne Ullvang er ein slik type. Slik me i bygdebladet har blitt kjent med han gjennom alle desse åra. Som ein gladgut og ja-mann, men også ein som tenkjar. Nå har han tenkt og sett tankane på papir. Nok er nok, og det er eit klokt val.
Og han er tøff. Han veit at han, sin unge alder til tross, ikkje kan vere ute lenge før det er for seint å gjere comeback. Han veit at topputøvartoget går når ein minst ventar det. Dette har han nok reflektert over og tatt med i tankane. Han brenn ikkje alle bruer i brevet, men les ein mellom linjene, kan det bli lenge til han er tilbake.
Som han avslutningsvis skriv i sitt lange brev til pressa: – For meg er tida inne for å ta ein pause frå idretten eg elskar.
Ullvang har på mange måtar vore heldig. Han har hatt familie og ein klubb rundt seg som skjønar kva det kostar av tid og krefter for å bli best. Han har hatt eit forbund som har gitt han mulegheiter, men som nå ser at padlesportens hardt tiltrengte «gullgut» forsvinn. Det var mange som blei triste når dette brevet blei publisert midt i gladnyheiten om EM-gullet.
Likevel er det mange som nå ser tråden. Kor blir dei av alle talenta som me les så mykje om. Tysvær Kano og Kajakklubb har hatt sin del. Dei kjem opp, vinn og forsvinn. Berre dei siste åra har fleire av dei beste jentene forsvunne heilt ut av resultatlistene. Prisen for å lukkast over tid er høg, for høg for dei fleste av oss.
Når så drøymar blir øydelagt, timevis med treningar berre oppfyller delmål, ja då er det tid for å vere litt bitter for alle som driv toppidrett.
Ullvang har sett ord på det som mange i hans situasjon usagt har bert med seg vidare. Han tok eit oppgjer med det som gjekk galt, og det som gjekk bra. Då han i fjor ikkje blei klar for OL, såg me ein litt ny Ullvang. Då han gjesta oss i vår såg me det tydlegare.
Men me såg ikkje oppseiinga komme på grått papir.
Likevel står det respekt av hans vurderingar, sjølv om det er frykteleg trist.

LES HEILE BREVET HER: https://tysver-bygdeblad.no/2016/08/01/ullvang-pause-er-hele-brevet/

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør