Jazzsongaren fekk prisen på 30.000 kroner tildelt under opninga av Sildajazzen i Maritim Hall på onsdag.
– Berg er ein spennande ung norsk jazzmusikar, seier juryen i si begrunning.
Prisen skal fortrinnsvis gå til ein musikar, ei gruppe eller ein enkeltperson som har gjort seg fortent gjennom sitt virke, for og med jazz, skriv Haugesunds Avis.
Prisen kan også tildeles som stipend til oppmuntring for unge musikarar som satsar på ei yrkeskarriere med jazz.