Tidsperspektiv

Det har vore sommarferie og rikt med tid til å diskutere Tysvær si framtid «over hekken» med naboen.

Det er på mange måtar svært interessant og ein slags temperaturmålar på kva mannen i gata tenker om framtida i kommunen vår.
Det er to ting som skil seg ut når ein summerer opp. Kor stille det er rundt kommunestruktur, og kor store forventningar det er rundt nye etableringar i Tysvær.
Kommunestruktur lar me ligge og går rett på forventningane som er til diverse prosjekt.
Den mest optimistiske eg snakka med lurte på om eg trudde den nye ungdomsskulen i Aksdal ville stå ferdig til skulestart i 2018. Nå er det slik at optimisme kan tolkast på fleire måtar. Folk i Tysvær har stor tru på at politikarane lukkast med sine prosjekt, og det er ikkje rart. Ein del større prosjekt har gått fort unna. Sysco Arena er eit minne som viser at om ein berre vil nok, så kan ein få det til i rekordfart.
Men ein ungdomsskule i Aksdal ligg langt fram i tid. Då eg nemnte for rådmannen at det var stor optimisme, og eit ønske om byggestart så raskt som muleg, fann han fram sitt luraste smil, for så å helle iskaldt vatn nedover ryggen på optimistane. For det første vil det vere ein lang prosess å bli einig om det i det heile tatt skal byggast ein ny skule. Om det skjer, så startar jobben med å planlegge sjølve bygget. Og blir Aksdal den nye heimstaden, ja då veit me av erfaring, at der tar det ekstra lang tid å få til noko som helst.
Eg tipper at ein eventuell ny ungdomssk ule kan stå ferdig i 2023-24, og då kan samfalle med fleire av prosjekta i sentrum. Eigentleg trur eg ikkje det blir ny ungdomsskule i det heile tatt.
Noko som ligg mykje nærare i tid er nye omsorgsbustadar på Stølsberg, og på gamleskulen på Stegaberg. Der er planlegginga godt i gang, men allereie nå ser ein at dette kostar mykje meir enn først berekna og budsjettert.
Men her har ikkje kommunen noko val. Her må administrative og politiske krefter jobba saman, finne pengar og gode løysingar. Dette er eit tenestetilbod som garantert vil bli ei utfordring i framtida.
Så kjem spørsmålet om kva tid dette kan bli realisert. Så lenge detaljplanane ikkje er på plass er også dette noko som svevar litt i lufta. Men her veit me at det jobbast godt. Så når politikarane nå snart møtest igjen, er det fritt fram for å ta tak i denne viktige kommunale investeringa.
Så min gode nabo, det skjer noko heile tida i Tysvær. At folk er engasjert trur eg er ein styrke. Å ha tolmod er ein anna styrke me treng mykje av. Ting tar tid, heiter det. Spesielt det som kostar pengar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør