Få fram nysgjerrigheita som er så naturleg for dei små, og litt større ungane.
Kvifor er det læraren som gjennom eit skuleår skal stille millionar av spørsmål, medan ungane stort sett berre skal svare for seg?
Det er eit av mange spørsmål lærarane nå er blitt utfordra på. Nokre av dei vil nok smile lurt for dette har dei jobba med i mange år. Elevaktiv skule er på mange måtar ikkje noko nytt, men i system slik ein tenkjer nå, er i alle fall nytt i store deler av Tysvær.
Dette med å ha aktive elevar kan gi ein kortsiktig todelt gevinst. Det blir kjekkare på skulen og det blir kjekkare å lære. Det i seg sjølv er meir enn nok til å sette i gang.
På litt lengre sikt ser ekspertane føre seg mykje større gevinstar. Fagleg vil meir grubling og elevdeltaking gi store gevinstar, spesielt i fag der elevane i dag er for passive. Det gjeld fag kor mykje er knytt opp til fasitsvar. Eg hugsar eit kurs eg var på for lenge sidan kor ein svensk matematikar sa følgande; Alle barn veit at 2+2=4. Spør dei heller kvifor, og du får mange gode svar.
Eg hugsar me lo av dette, men det har følgt meg etterpå. Bruker ein nok tid til å gruble i klasserommet, og ville det vore meir grubling om elevane var med og bestemte.
Eit anna viktig mål er å skape ein læringsstad kor ein kjenner seg meir trygg. Ein stad kor det å lære noko, svare på noko eller spørje om noko er heilt naturleg. Dette kan ha ein formidabel effekt både på klassemiljø, mobbing og gleda av å gå på skulen.
Eit siste moment er at ein elevaktiv skule også må vere ein stor gevinst for dei vaksne. Og då tenkjer eg både på dei som er tilsett i skulen, men også på dei heime. Det å lukkast med å engasjere ein klasse er ei løn i seg sjølv. Dei lærarane som får oppleve det over tid vil også merke på seg sjølve at dei blir betre. Og då snakkar ein ikkje berre om betre fagleg, men som den rettleiaren dei er.
Og for føresette må ein nysgjerrig liten skulelev som kjem heim proppa full av spørsmål vere ei gåve. Og kan ein ikkje svare på alt, så får ein sette seg ned og gruble litt saman.
Godt skuleår til alle i Tysvær. Til dei som styrer og tar grep, til dei som jobbar i skulen og til alle ungane som nå er klar for eit nytt skuleår. Og ikkje minst til dei føresette. Vis at du bryr deg.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør