Dansen rundt gullkalven

Kårstø-anlegget vil i all framtid ha spelt ei rolle for korleis Tysvær er blitt og vil bli.

Det handlar om pengar, og då snakkar me om store summar over lang tid. Men også om utdanning, kunnskap og arbeidsplassar.
Verdien av prosessanlegget på Kårstø er for oss tysværbuar så stor at me har problem med å skjøne det. Me prøver, men det fell nesten på sin eigen urimelegheit. Mange har meiningar både for og mot det som skjer i og rundt anlegget.
På den eine sida har me dei som har skjønt at utan millionane, ja sikkert milliardane, som denne verksemda har strødd ut over Tysvær gjennom fleire tiår, hadde me ikkje hatt det Tysvær me ser i dag.
På den andre sida. Eg har møtt folk som har meint det motsette, men deira visjonar og draumar held ikkje i den verkelege verda. Lik det eller ikkje, men me har bygd oss ein velstand, som er tufta på skattar og overføringar.
Og ein treng ikkje vere samfunnsforskar eller økonom for å skjøne kva inntekter på langt over 100 millionar kroner i året, i reine pengar, betyr for ein kommune med eit omfattande og lovpålagt tenestetilbod. Ein skal rett og slett ha utruleg god fantasi for å sjå eit liknande samfunn, som det me har utan Statoil. Igjen; lik det eller ikkje, men slik er det berre.
Denne veka er det vedlikehaldsarbeid på anlegget og full stans i produksjonen. På ny dryss millionar av kroner over Haugalandet. Dei store konserna deler nemleg med dei små når anlegget skal gjennomføre sin revisjonsstans. Slik blir det arbeidsplassar og pengar av.
Samstundes er det ein annan verdiskaping som skjer mellom tankane på anlegget, kunnskap.
Kor mange tusen som på ein eller annan måte har fått tileigna seg utdanning og kunnskap gjennom prosjekt direkte knytt til anlegget, kan neppe teljast. Kva det har hatt å bety for kompetansenivået i Tysvær er heller ikkje direkte målbart. Det ein kan slå fast utan å ta for hardt i er at det er heilt formidabelt.
Så når det nå dansast rundt gullkavlven heilt sør i kommunen, må me kunne glede oss over at lokale verksemder, lokal arbeidskraft og ikkje minst, lokal kunnskap driv dette prosjektet.
I ei tid kor det stadig blir tydlegare at økonomien svingar, og at sjølv store nasjonale og internasjonale verksemder seier opp folk i hopetal, så vil utdanning og fagkunnskap meir enn nokon gong ha ein verdi. Faktisk vil kunnskapen vår kunne bety meir i framtida enn all verdas gods og gull. Ikkje berre for dei som er flinkast i klassen, men for alle dei som på ein eller annan måte finn sitt fag, sitt yrke og sin veg å gå. Om det er i store verksemder som Statoil, eller i enkeltmannsføretak, har lite å seie. Denne vekas stans på Kårstø-anlegget har på nytt vist at kunnskap og kvalitet i det ein gjer, er gull verd. For kvar enkelt som direkte er involvert, men også for heile storsamfunnet Tysvær.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør