Slik vil det sjå ut ved båthamna i Hervik, når det nye bygget står klart. Plasseringa kunne knapt blitt betre.  
Illustrasjon: Berge Sag
Skjønnet er samrøystes: Haugaland Tingrett meiner kommunen må betale Skorpe. Avgjersla kan ankast til lagmannsretten.

Kursar aktivitetsvenner

Leif Vesterøy (70) frå Hetland gler seg til hausten. Då skal han gå på kurs for å bli aktivitetsvenn for ein eller ei demenssjuk.

I 2012 vedtok Tysvær å gjere demensteamet til ei permanent ordning, sommaren 2014 kom dagtilbodet «Glømsk og glad» i gang og i januar i år signerte kommunen ein aktivitetsvennsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelse. Gjennom avtalen forplikta Tysvær kommune seg til å sørge for aktivitetsvennordning, tilegne kunnskap og belyse sjukdommen, «kognitiv svikt».

Tysvær kommune har med andre ord stort fokus på demens, og aktivitetsvenner har ei stor rolle i det viktige arbeidet med å gjere kvardagen dei dei ramma og deira pårørande betre.
No inviterast folk til kurs for å bli aktivitetsvenner. 17. og 26. oktober skjer det i Nedstrandstunet og Tysværtunet.

Leif Vesterøy er altså ein av dei som ønskjer å bli aktivitetsvenn…

Les meir om saka og bli betre kjent med han i vekas Tysvær Bygdeblad. Kjem ut torsdag 1. september.