Godt humør og store smil i dagane før stansen på Kårstø-anlegget. Frå venstre Håkon Falnes, Aibel, Leif Erik Bystrøm, prosjektleiar og Hans Tore Stensen, driftsjef.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Godt humør og store smil i dagane før stansen på Kårstø-anlegget. Frå venstre Håkon Falnes, Aibel, Leif Erik Bystrøm, prosjektleiar og Hans Tore Stensen, driftsjef.

Storstans gir tryggare anlegg

Når anlegget på Kårstø denne veka stenges heilt, og all gass blir tappa ut, startar ein svært viktig vedlikehaldsjobb. Det gir på ny klondikestemning hos lokale verksemder og arbeiderar.

Ein revisjonsstans er noko det blir snakka om i årevis. For dei som skal levere handlar det om nøyaktigheit og god planlegging. For dei som skal jobbe under stansen handlar det om lange dagar, overtid og velfortente lønningar. Og ein av dei som er mest spent er ein tysværbu, med eit stort smil.
– Me er svært godt budde til det som skal skje her desse dagane. Det skal gjerast vedlikehald og anna arbeid som har ei kostnadsramme på godt over 350 millionar kroner. Og når me stenger ned anlegget har det store konsekvensar i mellom anna Nordsjøen. Omlag 30 felt blir på ein eller annan måte involvert i dette. Så her kan det ikkje vere utsettingar eller feil. Alt må vere tima og tilrettelagt, smiler Hans Tore Stensen.

Les heile saka i papirutgåva

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2016/09/01/dansen-rundt-gullkalven/