Det var smekkfullt i storsalen i Tysværtunet då dei talentfulle dansarane i Absence Crew breaka som norrøne gudar. 
Foto: Mona Terjesen
Det var smekkfullt i storsalen i Tysværtunet då dei talentfulle dansarane i Absence Crew breaka som norrøne gudar.

Skummelt gøy…

Jakta på Fenrisulven, vikingkongar, jotnar, drama, spenning og ei klype humor. Absence og Riksteateret si førestilling «Da gudene breaket» tok pusten frå store og små – i ein stappfull storsal i helga.

Det var så fullt i storsalen i Tysværtunet at ekstra stolar måtte settast inn. Folk i alle aldrar, frå heile distriktet strøymte til, for å få med seg dei talentfulle dansarane i Absence Crew i Riksteateroppsettet om norrøn mytologi.
– Me gler oss så masse. Me har sett dei på Norske talenter og på Youtube, så me veit at dei er kjempeflinke til å danse, fortel Emiel (7) og Oda Emily (9).

Ulvejakta
Heilt frå første scene, fengsla Absence publikum. André Eriksen si forteljarstemme skapte den rette, passe skumle stemninga, så braka det laus, med vikinggudar i imponerande dansemoves. Dei fortalte heile tida ei historie, mens dei dansa. Det var nesten som om ein kunne høyre dei snakke…

Les heile saka i papirutgåva