Det er ikkje mykje som kan glede ein prosjektleiar meir enn aktiviteter, både i området kor 20 nøkkelferdige leilegheiter skal stå ferdig i løpet av dei neste åra.
– Det er strålande tider å vise fram prosjektet i. Hermann Tollaksen frå Tollaksen Skogservice har fått ned dei store trea som var i området og nå begynner me å få rydda ferdig tomta. Sju av leilegheitene har fått seg kjøpar og me er i dialog med fleire som er interessert. Me visste at Førre var eit attraktivt område, og ser at det er fleire som vaknar nå når dei begynner sjå konturen av området. Det er hektisk men kjekt, seier Alvheim.
Praktisk
Alvheim trur at nøkkelferdige og praktiske leilegheiter er det som kjem til å selje i framtida. Han byr på leilegheiter frå 46 til 111 kvadratmeter.
– Det er litt skilnad på dei, men me har valt ein enkel og praktisk løysing. dei fleste som har snakka med oss er nøgd med den måten me har satt saman parken på. I den bygningen tettast på hovudvegen er det også lagt til rette for litt næringsvirke i underetasjen. Det bygget vil også fungere som ein slags støyskjermingmur for resten av prosjektet, seier han.
Areala som Odd Hansen Prosjekt har sikra seg blir utnytta godt. I halvanna år har dei jobba med å finne fram til gode løysingar som tilfredsstiller krava som er i 2016.
– Me har planlagt ut frå idear som me har hatt over tid. dette blir ein spanande del av heile den nye Førre-utviklinga. Me har måtte ta grep om infrastrukturen i området og håper sjølvsagt at me kan spele på lag med Tysvær kommune. det beste for oss, og kanskje alle, hadde vore om at alle utbyggingane som skal skje her, hadde skjedd samstundes, slik at det blei eit spleiselag. Uansett er me klare. Straum og vatn har me på plass, smilar Alvheim lurt.
Les heile saka i dagens avis