Inne i huset til Ingrid Rørtveit og Sverre Bakke Handeland legg ein fort merke til at huset har eksistert i mange år. Dei grove treveggeane med breie plankar er sjeldne å sjå i nyare hus, og vindauga er tydeleg av den eldre sorten, som ein opnar med hengsler. Kominasjonen av møbler i romma gjer at nytt og gamalt møter kvarandre på ein behagelig måte. Fargane og stilen er landleg, med stor vask på kjøkenet, grøne element på veggane og ein gamal lampe frå løa som heng i taket. Ut stoveglaset ser ein rett bort på ei raudmalt løe og høner som trippar rundt på tunet. Bonderomantikken er eit faktum på Kleiberg.
Tek vare på historia
– Eg likar å bruke gjenstandar som har ei historie, seier Rørtveit, som tydeleg har brukt mykje tid på interiør i det gamle huset.
Ho har arva mange av møblane og gjenstandane, noko har ho funne i på eigedommen og noko er nytt.
I gangen heng ein fuglekasse som hang på det gamle «veahuset» på tomta, og i gangen står ein potteplante oppi ein sjømannsssekk som tilhøyrte far til Ingrid Rørtveit.
Stilen i huset er ein miks av fargar og former. Stolane som står ved spisebordet er ikkje like, og er i to fargar, noko ein stadig ser meir av i den landlege stilen mange hiver seg på.
Ingrid Rørtveit og Sverre Bakke Handeland kjøpte småbruket Kleiberg på Nedstrand for halvanna år sidan. Dei er begge frå gard, og hadde drøymt om å få seg eige småbruk. Etter ei tid i byggefelt fann dei ut at det ikkje passa heilt for dei. Dei fekk kjøpe Kleiberg, som i mange år tilhøyre slekta til Rørtveit. Huset på garden er bygd i 1922, av oldefar til Ingrid Rørtveit.
Les heile saka i Bygg & Bu i dag.