Avdelingsleiar på Tysværtunet aktivitet- og omsorgssenter Mette Hermansen Austerheim og tilsynslege Maria Andreeva synest det nye døgnopphaldtilbodet fungerer godt, og er glade for å tilby det til innbyggarane i Tysvær. 
Foto: Ingvild R. Myklebust
Avdelingsleiar på Tysværtunet aktivitet- og omsorgssenter Mette Hermansen Austerheim og tilsynslege Maria Andreeva synest det nye døgnopphaldtilbodet fungerer godt, og er glade for å tilby det til innbyggarane i Tysvær.

Fornøgde med nytt tilbod

Tysvær kommune og leiinga på Tysværtunet aktivitet- og omsorgssenter er svært nøgde med den nye ordninga for øyeblikkelig hjelp-plassar som starta ved nyttår.

Frå første januar starta Tysvær kommune med å tilby kommunalt øyeblikkelig hjelp døgnopphald. To senger står nå alltid til disposisjon på Tysværtunet, og ein lege er på huset kvar dag.
– Det er ein suksess, og medfører berre goder, ifølgje avdelingsleiar Mette Hermansen Austerheim.
Fekk 2,3 millionar
Kommunal øyeblikkelig hjelp døgnopphald går ut på at to sengeplassar står på Tysværtunet, og er til disposisjon heile døgnet for dei som er i ei «mellomgruppe», altså at ein er for sjuk til å vere heime, men ikkje treng å ligge på sjukehuset. Tysvær kommune blei tildelt 2,3 millionar kroner som var øyremerka dette føremålet, og har nå tilsett ein lege og ein intensivsjukepleiar i fulle stillingar til å følgje opp pasientar på døgntilbodet.