Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

Selde fire første dagen

Det var med ei viss spenning Askeland Eiendomsutvikling la ut seks leilegheiter for sal i Skjoldastraumen. Det skulle vise seg å bli ein rask suksess.

– Ein veit aldri på førehand, men akkurat her hadde eg ei god kjensle. Eg fekk tidleg signal om at det var to som var interessert, så kom det to til, og då har me berre att to. I alle fall når dette intervjuet blir gjort, smilar Olav Askeland.
Det ringer jamt og trutt på mobilen og med eit lurt smil er Askeland rask med å svare.
– Det er DNB eiendomsmegling som hjelp oss med salet, og det eg kan seie så langt er at det er straumenbuar som har kjøpt seg inn i terrasseleilegheitene. Dei skal selje sine gamle hus, slik at det blir ein generasjonsutbygging i bygda. Eg tenkte kanskje at det ville bli slik. At ungar som har reist ut for å studere eller liknande nå kjem heim att, og tar over husa. Så flyttar dei føresette ned hit. Når det er sagt så har me hatt folk på tråden frå kommunane rundt oss også, så ein må ikkje ha adresse Skjoldastraumen for å få kjøpe her, seier Askeland.

Flott
Han viser rundt i området bak Coop-butikken, kor ei attgrodd tomt snart skal huse seks familiar, som alle vil ha panoramautsikt utover fjorden. Båtplass og god tilkomst til både sjøen og bygda, har vore viktig då ein plasserte bygningane.
– Det er også lagt vekt på at me ikkje skal stenge nokon ute frå dette friområdet som ligg til rette på neset her. Om det i framtida bli laga ein promenade langs sjøkanten, så er ikkje vårt prosjekt til hinder for det. Våre bygg er ein del av fortettinga av Skjoldastraumen, noko Tysvær kommune offentleg har uttalt at dei ønskjer. Me såg denne løysinga, og då er det eit godt signal på at me har lukkast, at bygdefolket sjølv vil flytte inn her seier Askeland.
– Det er flott her…
– Skjoldastraumen er i utgangspunktet ei flott bygd med mange mulegheiter i framtida. Klarer ein å realisere dei planane som er planlagt, og knyter dei saman med Notaflot og Slusene så snakkar ein om ei skikkeleg perle. I tillegg har dei mange aktivitetar. Akkurat nå skal Tour de Fjords komme forbi her. Og det er også aktivitetar som Sluseløpet, og det som skjer rundt Notaflot.

Les heile saka i papiravisa