… for det e her me hørre te…

Denne veka har me eit eige bygg og bu billag. Ei eiga avis som viser at det verkeleg er fart i utbygginga av hus og leilegheiter i Tysvær.

Det blir bygd over heile Tysvær og det er tilbod om alt frå små leilegheiter til store tomter. Og det er sal. Og det er tysværbuen som handlar.
Difor låner me ei linje frå Bjørn Eidsvåg sin klassikar «Sauda». Det er nemleg slik at ei overvekt av dei som snart er på flyttefot ikkje flyttar så langt at dei må over kommunegrensa. Det er her dei høyrer til og det er her dei helst vil bu.
Det betyr at nokre av dei som nå kjøper leilegheiter, og flyttar ut av sine gamle einebustadar opnar moglegheiter for nye tysværbuar. Men, nei. Fleire av dei me har snakka med seier at det er tysværbuar som kjøper dei også. Ungdommar som har vore ute og studert eller jobba andre stadar, kjem heim.
På ein måte er det «Circle of life», trygt og godt. Og ikkje minst kjekt for dei som investerer i tomter og nye bustadfelt.
Eit anna poeng med dette er at trongen for kommunal utvikling held seg på eit handterbart nivå. Som sagt er dei aller fleste huskjøperane allereie i kommunen og ein får ikkje eit rush av nye barnehageungar eller skuleelevar. Ein får heller ikkje ei ujamn auke i personar som treng andre kommunale tilbod. Infrastrukturen kan byggast ut etappevis og i kontrollerte former. Så på mange måtar er dette bra for Tysvær kommune som har andre og store utfordringar dei då kan bruke tida på.
Men det er sjølvsagt ikkje bra for dei som har ein draum om 30.000 tysværbuar. Reknestykka for kommunale tenester som til dømes vass- og kloakk, kor alt skal delast på kvar enkelt av oss, blir ikkje betre av ein låg vekst i innbyggartalet. Og det er heller ikkje lett om ein skal planlegge for framtida.
Likevel må me nå glede oss over entusiasmen som er innan bygg og anlegg. Det gravast og det byggast. Og fleire er på jakt etter ein stad å bu. Finansiering er ein nøkkel, men kreative løysingar hos Husbanken, den vanlege banken og ikkje minst hos byggeverksemdene gjer at stadig fleire kjem inn i bustadmarknaden.
Eg kan ikkje hugse at me har servert eit Bygg & Bu nummer med så stor optimisme og så mange spanande prosjekt på ein gong. Det må vere eit teikn på at Tysvær framleis har ein høg status, ikkje minst blant dei som er her ifrå.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør