Då Christina Vedø og Lene Tysvær stakk av med sigeren i team-tvillingkonkurransen i Haugesund Triatlon, gliste ordføraren. Akkurat slik vil han ha det i Tysvær.

– Fantastisk innsats jenter. Her er blomar frå ordføraren, seier Sigmund Lier til Christina Vedø og Lene Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Flotte førebilete

Då Christina Vedø og Lene Tysvær stakk av med sigeren i team-tvillingkonkurransen i Haugesund Triatlon, gliste ordføraren. Akkurat slik vil han ha det i Tysvær.

av Alf-Einar Kvalavåg

Sigmund Lier blei så glad, og så imponert at han med ein gong inviterte dei to spreke Tysvær-jentene til sitt kontor. Og med blomar og eit par gåver frå kommunen takka han dei begge for at dei er førebilete for svært mange andre.
– Eg skal vere så ærleg å seie at dette visste eg ikkje om før eg las det i bygdebladet sist veke. Og for ei kjekk overrasking det var. Eg er mektig imponert over det som dykk har gjort, og ikkje minst måten ein gjennomførte ein triatlon på. I ein kommune kor me har eit sterkt fokus på aktivitetar og det å komme seg ut og trene, så er dette knallgod reklame for idretten, sa ein tydeleg stolt ordførar.

Les heile saka i papiravisa

Kjøp avisa her