– Dette var litt av ein start. Kjekt å sjå at så mange har gått med seg at me opnar i dag. Og veldig mange kjem innom for å bestille seg milkshake. Det er tydeleg at den har vore sårt sakna, seier tilsett Joakim Aanestad, mens han i høgt tempo, lager den tradisjonsrike og kjente «Minutten-milkshaken» til kundane.
Eit bredt utval av varmrettar ligg på plass, nye omnar og steikeplater er i full gong, og køen er som sagt lang. Eigar Saleh Lutfi, som har kjøpt opp Minutten-konseptet av dei gamle eigarane, er godt nøgd med mottakinga.
– Travelt, men gøy. Me har ikkje hatt ope meir enn ein time, men likevel har veldig mange allereie vore innom, fortel han.
Les meir om opninga i neste utgåve av Tysvær Bygdeblad.