Kontrakten til ein verdi av omlag tre millionar kroner blei signert denne veka. 26. september startar gravinga, som ikkje er ferdig før på nyåret. Det er omlag 200 meter med røyr som skal skiftast ut, og plasseringa kunne nesten ikkje vore verre. Men dette er arbeid Karmøy-verksemda har gjort før, og dei lovar å ta omsyn.
– For det første er dette ein jobb kor me må sikre både dei som ferdast her og dei som skal utføre jobben. Me skal ha null skader og då er det viktig at me gjer eit grundig arbeid også på tryggleiksbiten. Det skal skiltast godt, sikrast fysisk og ikkje minst gjerast så skånsamt som muleg for dei som ferdast her, seier anleggsleiar Knut David Vea.
Les heile saka og les også kva ein butikkeigar langs vegen meiner i papiravisa