Å komme seg rundt på to hjul er langt frå noko byfenomen lengre, no syklar folk om dei skal kort eller langt. Utstyret er proft og farten ofte høg. For eit par år sidan var det mange skriverier om utfordringane med å dele vegen mellom bilar og syklar. Nokre ulykker blei det, men no kan det sjå ut til at «voksesmertene» har dempa seg og førarane av både mjuke og harde kjøretøy har vent seg til det «nye» trafikkbildet.
Men… dei som øver til sykkelløp – og dei er det blitt mange av med tida, ønskjer og treng gjerne meir kupert terreng for å førebu seg. Dermed trekk dei ofte til turløyper og turstiar. Det er her ein får eit problem, meiner Tove Høgemark frå Tysvær LHL. Trass i at ho ser stor helsegevinst i å sykle framfor å sette seg bak bilrattet, meiner ho at delinga av turstiar kan bli og er problemfull. Særleg ved Bongsatjørn.
– Me jobba for å få på plass benkar til dei svakaste. Slik at også dei skulle få nyte den flotte naturen me har i Tysvær. Slik at det skulle bli mogleg for dei å dra på tur… Men no har nesten syklistane «overtatt» løypa rundt vatnet. Kjempetrist, seier Høgemark.
Les heile saka i papirutgåva