Tenorane er midt i ein travel turné og om ikkje lenge er det plateklare. Likevel tar dei seg tid til å spele for deg – under lunsjkonserten i Tysværtunet i dag klokken 11.30.
– Me gleder oss alltid til å komme til Tysvær, og me håper at folk tar turen for å høyre på litt musikk. At me kan gi dei eit lite pusterom i ein elles travel kvardag, seier Henrik Hundsnes.
Intimt, men livlig
Tenorane er kjent for å by på seg sjølve på scena. Blir det utfordrande i kafeen i «Tunet»?
– Som eg forstod er scena ganske lita, så det kan bli trangt for tre tenorar som liker å breie seg. Men ein stor fordel med intimkonsertar er kontakten ein får med publikum. Mindre salar gir ein meir intim stemning – der ofte lyttarane er meir på enn i ein større salar. No kan me sjå dei fleste i augo og formidle det me har på hjartet. Tenorar elskar sånn, fortel Hundsnes.
Dei som tar turen for å få med seg lunsjkonserten i morgon, får servert eit rikt repertoar.
– Det blir utdrag frå showet vårt som me reiser rundt med for tida, «Tenorane med ein Horn i sida». Publikum får høyre norske gjendiktingar av kjente songar, vakre ariar, vår eminente Steffen Horn som speler fletta av pianotangentane, og til slutt avsluttar me lunsjkonserten med ein prangande operette-medley, fortel Henrik Hundsnes.
Travel turné
Tenorane har travle dagar for tida. No skal dei på vegen igjen med det kritikarroste showet sitt.
– Me startar på Husnes i dag, så er det lunsjkonserten i Tysvær i morgon, så til Stord på laurdag og Voss på søndag. Vidare skal me til nordvestlandet, Åndalsnes, Ulsteinvik, Ørsta. Ein tur oppom Sogndal. Vegen går vidare til sørvestlandet på kulturnatt i Egersund. Laurdag 22.oktober skal me underholde på Kulturnatt i Haugesund og Rennesøy kulturhus dagen etter. Me avsluttar turneen i nord i november, og då skal me besøke Narvik, Harstad, Tromsø, Lofoten og Sortland, fortel Hundsnes og fortsett;
– Så blir det fokus på julerepertoar og julekonserten «Så ha ei god jul, då!», som me blant anna kjem med til Tysværtunet med søndag den 11. desember. Denne gongen får me med oss regissør Tore Nysæther på laget. Tore har skrive og regissert ei rekke revyar, kabaretar og førestillingar – og han har vunne fleire priser. Til saman skal Tenorane og Steffen Horn gjere 30 konserter, show og jul dette halvåret.
Platedebut
I tillegg kjem Tenorane ut med si første plate ved juletider. Og dei gler seg.
– Det blir altså ein fysisk cd. Juleplata «Julesong», og den blir lagt ut for sal under årets julekonserter. Det blir stor stas, nikkar Henrik Hundsnes.
Spennande haust
Lunskonsertane er som kjent eit samarbeid mellom kulturhuset og Tysvær Bygdeblad. Redaktør Alf-Einar Kvalavåg er godt nøgd med dei føregåande konsertane, og gler seg ekstra mykje til at Tenorane og Steffen Horn kjem.
– Dei har hatt fullt hus på julekonsertane sine og me veit at dei har eit stort publikum i Tysvær, kanskje særlig sidan Hundsnes er frå Skjoldastraumen. At dei tar seg tid til å komme til oss, mellom to konsertar i ein travel turné er heilt fantastisk. Her blir det kamp om plassane så me rår folk til å vere tidleg ute.
– Det er begrensa med plass i kafeen, korleis løyser ein dette?
– Det blir som vanleg, så dette blir ein skikkeleg tett-på-konsert med tre store stemmar og ein svært ivrig pianist. Me satsar på god lyd, slik at også dei bakerst i salen får ei god oppleving. Og det er eg sikker på at me får. Folka på kulturhuset er ekspertar på god lyd. Me gler oss stort og ønskjer alle velkomne, seier Kvalavåg.
– Korleis blir det med lunsjkonsertar utover hausten?
– Om to veker blir det elevar frå kulturskulen som skal ha konsert. Dei kallar seg Pianoklubben og er eit pilotprosjekt knytt til MUNOR og Tysvær Kulturskule. Me har fleire namn på blokka, både unge talent og meir etablerte artistar. Mellom anna skal me vere med på bLEST, med høgtlesing og konsert. Så er det berre å følgje med etter kvart som me får fleire namn på plass, avsluttar redaktøren.