Paal Flaata og Solfrid Molland slepp singelen «Forvandlingen».
Paal Flaata og Solfrid Molland slepp singelen «Forvandlingen».

Intenst vakkert

Singelen «Forvandling» viser oss ei ny side av Solfrid Molland. Saman med Paal Flaata gir ho ut ein singel av ypparste merke.

Teksten er av Beate Myrvold, og dei to skreiv låta saman for over 20 år sidan. Så ein kan trygt seie den har modna over tid. Og dette er modent. Det er vakkert, stille og svært melodiøst. Allereie under opninga av songen lurer ein på om Molland neste veke kan levere eit heilt album på same nivå.
Ho kan nok det, for det er noko eige med det førrejenta har hand over.
Her er det ein melodi og tekst som er skreddarsydd for hennar pianospel og stemme. Meir enn godt nok aleine. Men for verkeleg å vise styrke har ho invitert med seg Paal Flaata, kanskje mest kjend frå Midnight Choir.

Les heile meldinga i papiravisa.

Ny singel

Singel
Forvandling
Solfrid Molland
Duett med Paal Flaata
(Solfrid Molland/Beate Myrvold)
Mats Eilertsen på kontrabass, Hayden Powell på trompet, Nils Økland på fiolin og Torbjørn Økland på gitar.
Kirkelig kulturverksted
Sept. 2016